Hjem Meninger Tor Henning fikk barndommen øydelagt av mobbing – Skulen var eit fengsel.

Tor Henning fikk barndommen øydelagt av mobbing – Skulen var eit fengsel.

EIKEFJORD SKULE

Torsdag 25 Januar 1996 var da slutt på stillheita om kva som hadde skjedd på og ved Eikefjord Skule i ei årrekkje. Det var mang ein person som mista nattesøvnen etter mitt lesarinnlegg om Eikefjord Skule og den mobbinga som føregjekk der! Når sannheita kjem fram i ljoset er da ikkje alltid like kjekt å være til!
Eit Lærarkollegie som verken så eller hørte da som gjekk føre seg. Dei meinte Tor Henning måtte tåle sopass.

Skulen var eit fengsel- Firda – Torsdag 25 Januar 1996 – Journalist Knut Magnussen.

Tor Henning har vonde minner frå ni års skulegang i Eikefjord – Eg opplevde skulen som eit fengsel. Heile oppveksten min er øydelagd, og skulegangen var eit helvete fortel han.

Eg opplevde skuletida mi som eit niårig helvete, der eg vart kalla, sparka og slått. Men det som er aller mest bittert å tenkje på er att lærarane ikkje lyfte ein finger for å hjelpe, seier Tor Henning Karlsen.

Den som ikkje sjølv har vore eit mobbeoffer, kan ikkje tenkje seg korleis det er, seier Karlsen. No førebur han søksmål mot Flora Kommune, for dei påkjenningane han vart påført under oppveksten. I dag slit han med psykiske problem, og ei utdanning smo set han dårleg i stand til å konkurrere på arbeidsmarknaden.
Skulegangen min, min ja heile barndoms og ungdomstida mi, vart øydelagd på grunn av trakasseringa eg opplevde frå medelevand. Og kanskje det aller verste var lærarar som aldri prøvde, sjølv om dei må visst kva som skjedde, seier Karlsen. Han er i dag 21 år gammal, men ber framleis djupe sår etter mobbinga han opplevde gjennom ni års skulegang.
Når eg les i aviser, høyrer på radio og ser på Tv, blir eg redd med tanke på utviklinga. Mobbing og vald blir ein stadig større del av kvardagen, ikkje minst i skulemiljøet, men også i arbeidslivet.
Oppvekstmiljøet blir meir avstumpa. No må dei vaksne ta til vet og gripe inn mot det som så altfor mange opplever, seier Tor Henning. Som hevder å snakke ut frå eigne, bitre røynsler.

Eit Fengsel 

Eg vart mobba og  og trakassert på det grovaste gjennom samtlige ni år på Eikefjord skule. Eg er blitt sparka, kalla og slått. Dei andre borna skaut på meg med sprettert, og slengde tinga mine vegg i mellom. Lærarane gjorde ingenting. Ein gong såg ein lærar att medelevar kasta ranselen min ut av klasseromsvindauget så tinga mine flagra, men ikkje ein finger vart lyft.
Skulen opplevde eg som eit fengsel, der eg sneik meg langs med veggane for at dei andre ikkje skulle få auge på meg. Ikkje ein gong i timane fekk eg fred. Berre læraren seg eller forlet klasserommet, braut det laus, med kasting av blyantar og viskelær, og eg var sjølvsagt målet.
Lærarane kunne gladeleg stå å sjå på att eg vart sparka og slått utan å gripe inn. Eg måtte tole sopass vart det sagt.

Lærarane visste

Lærarane må ha visst kva som skjedde, men hjelpte meg ikkje. Kva slags lærarar eller vaksne menneske er det som berre står og ser på slikt, spør han. Han er nemleg ikkje i tvil om at skulen visste om kva som gjekk føre seg.

– Mor mi visste litt, men langt frå alt om skulekvardagen min. Ei tid ynskte ho å halde meg vekke frå skulen. Den dagen det blir levelege for Tor Henning, kjem han attende til Eikefjord Skule, sa mor, men sjølvsagt kunne kunne ho ikkje halde meg vekke frå skulen. Det er skuleplikt her i landet. Minte skulen ho om. Då eg skulle ta til i sjuande klasse, ville mor mi ta meg ut av skulen og overføre meg til Solheim skule i Nordalsfjorden. Men rektor sette seg hardt i mot at eg skulle bli overført til ein anna skule på grunn av mobbing. Det går ikkje, for det ville være ei skam for Eikefjord skule, sa rektor til mor mi, hevdar Karlsen.
Eg prøvde ved eit par høve å seie frå til rektor og lærarane og korleis eg hadde det, men eg følte att dei ikkje tok meg på alvor. Og eg hadde jo ingen andre å vende meg til, for i løpet av ni års skulegang fekk eg ikkje ein einaste ven.

Karakterane mine er ikkje noko å skryte av, for kven kan vel konsentrere seg om skule gangen når medelevane bankar deg opp. I gymtimane var eg målet. Noko lærarane sto og såg på.

Skuldkjensle

I dag er er nedbroten og ofte har eg lurt på kva som gjekk gale. Eg slit med skuldkjensle og lurer på om eg sjølv hadde skulda.  Men ærleg talt: Eg veit ikkje kvifor eg vart mobba, og forstår heller ikkje kva eg skulle kunne gjort annleis. Og det blir eit ubryteleg mønster. Nye elevar som kom til skulen, lærte av dei eldre, at han der han er skiten. Sjølvtillit og sjølvrespekt forsvann. Og i dag slit eg med meg sjølv, fortel Tor Henning.
Etter niårig skule var ferdig drog han til Ulsteinvik, der gjekk han på Folkehøgskule i to år. Det var ei fin tid. Eg fekk vener og følte att eg fungerte seier Tor Henning.

Førebur søksmål 

Eg har tenkt meg nøye om før eg valde å stå fram med denne historia. Eg har ikkje noko å tape, sjølv om eg reknar med mange vil bli sinte. Truleg kan eg også hjelpe andre som har opplevd det same som meg, og kanskje eg kan opne auga på einkvan, slik at dei ser kva som skjer. Tor Henning vil no gå til søksmål mot Flora Kommune.
Erstatningsummer er ikkje da viktigaste, og eg kan heller ikkje få tilbake ei tapt barndomstid. Men eg vil fortelje korleis eg opplevde barndommen min, og stille folk til ansvar for kva dei let unge gjennomgå, for ein skule skal ta ansvar for elevane sine.

Kvifor prøvde du ikkje å gjere noko den gongen? spurde ein Psykolog meg. Men kva skal  eit born som ikkje har ein einaste ven i skulemiljøet og heller ikkje blir teken på alvor av lærarane gjære?
No vil eg seie ifrå, for folk skal få greie på kva som skjedde med meg, og som heilt sikkert skjer med så alt for mange andre, seier Tor Henning Karlsen.

Sosialnytt tar i mot leserinnlegg. Tor Henning Karlsen har sendt oss denne sterke historien. Det står stor respekt av mennesker som offentlig står frem med slike historier. Forhåpentligvis kan det hjelpe oss med å ha fokus på riktig sted. Mobbing vil nok dessverre aldri forsvinne fullstendig. Men kanskje kan historier som denne gjøre at både foreldre, lærere og samfunn forøvrig følger med – og ikke lar noe slik pågå i 9 år i fremtiden. Tor Henning skriver en blogg hvor han har fokus på mobbing. Den kan du besøke her. 

Om Sosialnytt

Solsialnytt har siden 2014 gitt deg de mest engasjerende historiene i Norge. Hovedfokuset vårt er å gi deg positive historier. 

 

@Erte Media AS

Redaksjon

Ansvarlig redaktør:

Eivind Skår Ertesvåg


Kontakt Sosialnytt:

kontakt@sosialnytt.com