TV 2- nyhetsanker Morten Sandøy har skrevet en tekst på TV 2 der han hyller sin kone Andrine som jobber på Haukeland universitetssjukehus. Samtidig forteller han at han er bekymret for sin kreftsyke søster og sin gamle far.
«Klokka er 06. Eg vaknar av at min helt skrur på dusjen.
Eg ligg oppe, ho nede.
Slik er det i desse tider. Ja, viruset set familielivet på prøve.
Min helt hentar avisene, får i seg frukost og gjer seg klar ein ny tøff dag på jobb. Tar på seg hjelm og hanskar. Ja, ho sykler til og frå Haukeland universitetssjukehus, for å unngå å smitte andre, og seg sjølv.
Det heile er uverkeleg og nesten ikkje til å tru», skriver Morten på TV 2.
Se dette innlegget på Instagram
Tenker på søsteren og faren
«Kva gjer eg? Sit i karantene og følgjer med på alt om situasjonen. Tenker på korleis min helt har det på jobb. Korleis dei må prioritere. Alle telefonane dei må ta og svare på frå engstelege pasientar som på grunn av situasjonen ikkje får sine planlagde operasjonar.
Eg tar ein biltur med fluestanga. Må ha litt luft, og det gir tid til å tenke. På mi kreftsjuke veslesøster, på min gamle far og alle dei tusen som er i ei sårbar gruppe.
Eg tenkjer på borna som gruar seg til å vakne i ein heim der dei føler seg utrygge og redde. Skule og barnehage, som for mange har vore ein fristad og eit viktig nettverk, er der ikkje lenger.»
Alle har et ansvar
«Eg tenkjer på alle som har gata som heim. Kva med dei?
Den planlagde påskeferien på fjellet ryk mest truleg. Også sommarferien. Det er ikkje lenger viktig.
Det er no solidariteten står på prøve. Dette går ikkje over i morgon, neste veke eller neste månad. Dette vil ta tid. Det er lett å bli sløv etter kvart som dagane går. No har vi alle eit ansvar. Eit ansvar som vil redde liv.»
Vi kan alle være helter
«Det ligg i ryggmargen på ein gammal journalist å stille kritiske spørsmål. Mange har spørsmål, er usikre og til og med redde. Eg tenker vi no må stole på dei svara vi får frå helsestyresmaktene og rette oss etter råd og pålegg. Det er unntakstilstand. Historia vil vise om vi gjorde det rette.
Vi kan no alle vere heltar.
Min helt kjem heim. Dyvåt etter ein sykkeltur i bergensvær. Eg har middag klar. Vi tar praten om dagen på jobb, ho er sliten. Legg seg på sofaen med pleddet over beina. Ho går inn i søvnen.
Eg ser på ho og får ei tåre i augekroken.
MIN helt er også DIN helt, og ALLE dei som treng heltane no.»
LES OGSÅ: Den danske butikkens geniale triks mot hamstring av håndsprit hylles